Annonse

Støre forstår at folk er urolege for sommaren

Dårlege nyheiter står i kø for mange denne sommaren. Men Noreg står trass alt ganske godt rusta, meiner statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Det er ikkje så lystige utsikter for mange nordmenn ved inngangen til sommarferien. Prisane er høge på straum, bensin og mat. Renta stig. Det er kø for å få pass, det er kø på flyplassar. Streikar truar med å velte folks ferieplanar. Dessutan er koronaviruset på veg tilbake.

Statsministeren ser at folk er bekymra.

– Eg forstår at mange blir urolege når dei opplever at ganske vanlege ting i livet blir dyrare, utan at lønt nødvendigvis aukar, seier Støre.

Men han meiner det ikkje er grunn til å krisemaksimere i skildringa av ferieavviklinga.

– Eg trur vi skal vente med å bruke ordet «kaos» til ein meir alvorleg situasjon. Det er ikkje kaos no, seier han.

– Sørgje for at folk kjem på ferie

Andre land har langt større utfordringar å stri med enn Noreg, påpeika Støre då han heldt den samanfattande pressekonferansen sin fredag.

– Noreg er godt rusta til å møte den utfordringa vi står i betre enn dei fleste. Vi prioriterer dei med dårlegast råd og skal komme dei til unnsetning. Og så skal vi gjere alt vi kan for å sørgje for at folk kjem seg på ferie og heim frå ferie, seier Støre.

Han trekkjer fram korleis norske arbeidslivsordningar permisjonsreglane har hjelpt oss å få samfunnet i gang igjen. Ei samlande ordning om lønnsoppgjeret sørgjer for at Noreg slepp unna høgare inflasjonen enn vi elles kunne risikert. Støre viser til Storbritannia og USA, som nærmar seg 10 prosent.

– Så har straumstøtteordninga teke ned eit par prosentpoeng på det som kunne vore auka inflasjon. Så tiltaka verkar! Men dette er ein internasjonal situasjon som også treffer oss, seier Støre.

Krevjande haust ventar

Han har styrt landet gjennom ein haust, ein vinter og ein vår. Hausten brukte regjeringa på å jobbe seg inn i tinga. Så følgde kriser på rekkje og rad: korona, straum og krigen.

Støre erkjenner at mange vil merke høge prisar og høgare rente framover. Han understrekar bodskapen igjen og igjen: Folk må vere førebudd.

– Vi må innstille oss på at det er ein situasjon som kan vare. Hausten vil bli krevjande for mange. Høge prisar, høgare rente vil merkast, og særleg for folk som har dårleg råd frå før, seier han.

Han viste til at Noregs Bank heva renta «dobbelt» torsdag, det vil seie eit halvt prosentpoeng. Det er viktig for regjeringa å planleggje for budsjett som ikkje driv renta opp, understrekar han.

– Eg merkar meg at Noregs Bank understrekar at oljepengebruken er lågare enn lagt til grunn, og at finanspolitikken ikkje har bidrege til oppjustering av rentebanen, seier Støre.

Han varslar strammare økonomisk politikk til hausten. Samferdsel og store byggjeprosjekt er område der regjeringa vil bremse pengebruk.

Skryter av regjeringssamarbeidet

Krangel knytt til kommunegrenser har dominert i nyheitsbiletet dei siste par vekene. Konfrontert med korleis samarbeidsklimaet er i regjering, svarer Støre at det går riktig bra. Statsråda representerer først og fremst det området dei har ansvar for, ikkje partiet dei kjem frå, påpeikar han.

Det har heller ikkje vorte meir aktuelt i løpet av året at SV kjem inn i regjering. Planen framover er å halde fram samarbeidet på Stortinget.

– Eg ønskte på Hurdal vi skulle komme til ei semje mellom tre parti. Eg meiner det ikkje stod på oss, sa Støre.

Han viser til at dei tre partia har erfaring med å sitje saman i regjering tidlegare og veit kva det krev.

– Eg har ikkje lukka døra for den løysinga, men eg ser det ikkje som kommande med ei slik endring. Det trur eg ikkje du vil få som svar i Senterpartiet og SV heller, seier Støre.

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støre inviterte til sommarpressekonferanse fredag. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse