Støre i Kirkenes: – Det som skjer no, kan vare

Kirkenes blir hardt ramma av sanksjonane mot Russland. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) trur langsiktig omstilling blir nødvendig.

– Vi må bidra til omstilling, for det som skjer no, kan vare. Håpet er at vi éin dag kan komme tilbake til eit meir normalt naboforhold, men vi blir no sette kraftfullt tilbake, seier statsministeren til NTB.

Måndag var han i Kirkenes for å diskutere situasjonen etter den russiske invasjonen av Ukraina med både næringsliv og lokalpolitikarar.

Støre understrekar at Finnmark allereie er mindre avhengig av Russland enn før som følgje av sanksjonane som vart innførte etter den russiske annekteringa av Krim i Ukraina i 2014.

– Men Finnmark og Aust-Finnmark er nok den delen av landet som blir hardast råka av at samkvemmet mellom folk blir teke ned, både mellommenneskeleg og økonomisk, fastslår han.

Fryktar fråflytting

Eit hovudstopp under besøket var skipsverftet Kimek. Der kjem over 70 prosent av omsetninga frå vedlikehald og opprusting av russiske båtar.

– Eg er bekymra, sa administrerande direktør Greger Mannsverk til Støre.

Han etterlyste risikolån og investeringstilskot frå regjeringa, slik at bedrifta kan halde på dei rundt 80 tilsette medan ho omstiller seg.

– Utan dei klarer vi ikkje å omstille oss. Då har vi ingen sjanse, sa han.

Mannsverk gjekk samtidig til angrep på reglane for pendling frå Sør-Noreg, som ifølgje han har vore ein «katastrofe» for Finnmark.

– Ukraina-krisa kjem dessverre på toppen av eit Nord-Noreg som sakte, men sikkert blir fråflytta.

Merke framleis covidbrems

På veg til Kimek stoppa statsministeren også ved Kirkenes Snowhotel, eit stort hotell bygd i snø og is.

Der merkar dei ikkje sanksjonane mot Russland like godt, fortel dagleg leiar Silje Randa.

– Førebels er vi heldige og har ikkje merka så mykje til det. Vi har ikkje så mange russiske gjester, og så håpar vi at det framleis skal vere trygt å komme hit, seier ho.

Men krigen skaper likevel uvisse i ei tid som framleis er prega av omsetningsfall etter koronapandemien. Ifølgje Randa er hotellet på om lag halvparten av toppnivået før pandemien trefte.

– Vi har ein veg å gå. Vi er ikkje heilt på høgda, seier ho.

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støre møtte både næringsliv og lokalpolitikarar då han besøkte Kirkenes måndag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre møtte både næringsliv og lokalpolitikarar då han besøkte Kirkenes måndag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Administrerande direktør Greger Mannsverk ved skipsverftet Kimek i Kirkenes fryktar at sanksjonane mot Russland skal tvinge han til å seie opp tilsette. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre var måndag på besøk i Kirkenes. Her kjem han til skipsverftet Kimek. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Administrerande direktør Greger Mannsverk ved skipsverftet Kimek i Kirkenes fryktar at sanksjonane mot Russland skal tvinge han til å seie opp tilsette. Her tek han imot statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Første stopp på besøket til statsminister Jonas Gahr Støre i Finnmark måndag var Kirkenes Snowhotel, der han fekk noko forfriskande i baren saman med ordførar Lena Norum Bergeng i Sør-Varanger. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Første stopp på besøket til statsminister Jonas Gahr Støre i Finnmark måndag var Kirkenes Snowhotel. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse