Annonse

Støre: Ingen fleire kommuneoppløysingar

Regjeringa kjem ikkje til å løyse opp fleire norske kommunar no, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

Dei siste vekene har det vore mykje bråk om kommunestrukturen både på Sørlandet og i Rogaland.

– No er det sett strek, no kjem det ikkje fleire slike saker. No har vi komme gjennom dei sakene som låg der då vi kom i regjering, seier Støre til NRKs Politisk kvarter.

Det vekte sterke reaksjonar då regjeringa nyleg valde å seie ja til at Søgne og Songdalen kan få halde folkeavstemming om lausriving frå Kristiansand, som dei blei slått saman med i 2020. Bystyret i Kristiansand sa nei til oppløysing like før jul.

I tidlegare Forsand kommune i Rogaland har eit innbyggjarinitiativ tatt til orde for at den delen av av kommune som frå 1. januar 2020 blei ein del av Sandnes, skulle overførast til Strand. Men onsdag vedtok Kommunal- og distriktsdepartementet at grensa ikkje skal endrast.

(©NPK)

– No er det sett strek, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om kommuneoppløysingar. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Annonse