Klargjør siden...

Store nedbørsmengder venta fleire stader

(NPK-NTB): Både i Møre og Romsdal og i Ofoten og Sør-Troms er det venta lokalt så store nedbørsmengder tysdag at det er fare for både flaum og jord- og flaumskred.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit såkalla OBS-varsel for desse regionane der det blir åtvara om til tider kraftig regnvêr. I Møre og Romsdal vil nedbøren komma tidleg på tysdagen, og på tolv timar er det snakk om 30– 50 millimeter nedbør.

I Ofoten og Sør-Troms kan kraftige byer gje 20– 40 millimeter nedbør på berre seks timar.

– Det er fare for lokal flaum, små jordras og/eller flaumskred der byene er, opplyser Meteorologisk institutt i varselet.

Folk som bur på Nordvestlandet og frå nord i Nordland og den sørlege delen av Troms, blir bedne om å følgja med på både vêrradaren og oppdatert informasjon på Yr.no og Varsom, som er informasjonstenesta til NVE. (©NPK)

Annonse