Klargjør siden...

Støre om Stoltenberg-forlenginga: – Bra og trygt

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det er viktig at det vart avklart at Jens Stoltenberg held fram som Natos generalsekretær til oktober 2024.

– Det er bra, viktig og trygt at Jens Stoltenberg har sagt ja til å forlengje perioden som Natos generalsekretær med eitt år. Det er også viktig at dette no vart avklart før toppmøtet i Vilnius neste veke, seier Støre til NTB.

Han legg til at det er uttrykk for den høge tilliten han har blant medlemslanda at han vart beden om å halde fram.

– Samhaldet og semja i Nato er spesielt avgjerande i ei uroleg tid med krig i Europa, seier Støre.

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støre (t.h.) er nøgd med at Jens Stoltenberg fortset som Natos generalsekretær i eitt år til. Foto: Heiko Junge / NTB

Annonse