Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kommunikasjonen til Shetland har vorte kraftig forstyrra etter at ein sjøkabel vart skadd, skriv fleire britiske medium.
Publisert: 20.10.2022 kl 13:38
Ifølgje politiet er sjøkabelen på sørsida mellom øyane og fastlandet kutta, skriv BBC.
Dei opplyser mellom anna at telefonar, internett og datamaskiner ikkje kan brukast.
Det går allereie føre seg reparasjonar på ein annan kabel som knyter saman Shetland og Færøyane etter at han vart skadd førre veke.
Alastair Carmichael som representerer Orknøyane og Shetland i det britiske parlamentet, seier at BBC har teke opp problemet med den britiske regjeringa, men forstod det slik at det kunne ta dagar før kommunikasjonen vart retta opp igjen.
Både private og bedrifter er ramma av kabelskaden. Ifølgje kanalen er det fleire butikkar som ikkje kan ta kortbetalingar. Det er om lag 23.000 innbyggjarar på Shetland.
BBC opplyser likevel at flyplassen Sumburgh fungerer som normalt, men ferjeselskapet Serco NorthLink Ferries kunne ikkje stadfeste om problemet vil ha nokon innverknad på drifta deira.