Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Tilsette frå pubar som vart ramma av masseskytinga i helga, vart tysdag inviterte til frukost i statsministerbustaden. Men Støre er varsam med kritikk av PST.
linus.rovik.hauge@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 28.06.2022 kl 13:50
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ville ha førstehandskjennskap til korleis dramaet gjekk føre seg den fatale natta til laurdag, og korleis dei som var involverte, opplevde det.
– Det er nyttig å lytte til dei som opplevde den natta. Eg ønskte å møte dei fordi eg vil anerkjenne at dei faktisk gjer ein veldig viktig jobb på vegner av oss alle ved å skape eit fellesskap, ein sosial samanheng som er viktig for mange, seier Støre til NTB.
Angrepet skjedde i forkant av den store prideparaden i år og er truleg det verste angrepet mot homorørsla i nyare tid. Skot hagla, glasbitar spruta og folk fall saman utanfor utestadene i pubkvartalet ved Oslo tinghus då terrorsikta Zaniar Matapour (43) gjekk til angrep med to skytevåpen.
Kjetil Soligard frå utestaden Herr Nilsen og Andreas Woldseth som er bartender ved London pub, er framleis prega av hendinga. Men også opptakta til pride var ille, fortel dei.
– Debattklimaet i år før pride har vore verre enn nokon gong. Det har vore veldig mykje negativitet i forkant. Sånt kan vere den vesle triggaren som får folk til å gjere seg skuldige i ekstreme handlingar, seier Soligard.
– Vi merkar at debatten har vore mykje meir polariserande. Vi merkar at det er lettare å gå etter person enn sak. Det er kanskje ein av dei viktigaste tinga. Vi må få tilbake den «høflege» debatten og droppe den umenneskelege skittkastinga, seier Woldseth.
Støre nikkar og er heilt samd.
– Så er eg veldig varsam med å trekkje slutningar rundt kva som kan liggje bak denne fryktelege hendinga. Som politiet seier, det kan vere ein kombinasjon av mange forhold, påpeikar han.
– Men den sårbarheita som folk kan oppleve som følgje av debattklimaet, er jo ikkje berre eit abstrakt omgrep. Hatefulle ytringar treffer jo nokon. Det å oppleve å få hat mot seg er stigmatiserande og veldig alvorleg, seier han.
– Men det seier noko om vårt samfunns motstandskraft at desse stadane kjem tilbake, ryddar opp og opnar dørene. Og at vi går på desse stadene, seier Støre. Han har sjølv tenkt seg innom når han er tilbake frå Nato-toppmøtet i Madrid.
– Det ser eg fram til, seier han.
Måndag sa Høgre-leiar Erna Solberg at PST openbert hadde gjort ei feilvurdering då dei etter ein bekymringssamtale i mai vurderte at Matapour, som har vore på PSTs radar sidan 2015, ikkje hadde valdspotensial.
Liknande vurderingar vart gjorde både for Kongsberg-angriparen og terrordømde Philip Manshaus. No må PST gå gjennom kriteria sine for å vurdere valdspotensialet hos potensielle gjerningspersonar, meiner Solberg.
Støre er langt meir tilbakehalden.
– Eg vil ikkje trekkje nokon slutningar baserte på det vi veit så langt, rundt eit veldig komplisert arbeid. Det går føre seg ei etterforsking no etter det som skjedde. Så vi får sjå det an, seier han.
– Det kjem ei evaluering av dette. Det står også i instruksen. Det er ingen tvil om at PST kjem til å evaluere erfaringane sine med dette, slik dei skal gjere etter alle alvorlege episodar, seier Støre.
(©NPK)
Tysdag inviterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tilsette frå London Pub, Per på Hjørnet og Herr Nilsen til frukost i statsministerbustaden. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Nyttig å lytte, meiner statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), som tysdag inviterte tilsette frå London Pub, Per på Hjørnet og Herr Nilsen til frukost i statsministerbustaden. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er førebels varsam med å kritisere PST etter masseskytinga i helga. PST har hatt gjerningsmannen på radaren sidan 2015, men meinte så seint som i mai at han ikkje hadde valdspotensial. Foto: Beate Oma Dahle / NTB