Klargjør siden...
Annonse

Storm stoppar norske VM-seglarar

Grunna ein storm utanfor australske Geelong måtte dei norske VM-seglarane sjå at den nest siste dagen av VM i segling vart avlyst.

Som følgje av uvêret var det ikkje forsvarleg å gjennomføre seglasar i klassane 49er, 49er FX og Nacra 17 fredag. I første omgang håpa arrangøren på at det kunne konkurrerast seinare på dagen, men stormen gav seg ikkje. Dermed såg ein ingen annan utveg enn å avlyse.

Det ramma Helene Næss og Marie Rønningen i 49er FX-klassen og Nicolas Fadler Martinsen og Martine Steller Mortensen i Nacra 17-klassen.

Næss og Rønningen ligg så langt på 18.-plass samanlagt i VM med 44 poeng, medan Fadler Martinsen og Steller Mortensen er nummer 21 med 87 poeng.

Laurdag blir det segla tre seglasar i kvar disiplin med eit medaljerace som avsluttar VM.

(©NPK)

Helene Næss og Marie Rønningen er nummer 18 samanlagt. Foto: Sailing Energy / Handout / NTB scanpix