Stormark: – Langtidsplanen er eit tryggingspolitisk skifte

(NPK-NTB): Langtidsplanen for Forsvaret har eit langt meir offensivt preg enn før. Den eine søyla i den norske tryggingspolitiske doktrinen – det å roe ned – er knapt nemnt, seier forsvarskommentator Kjetil Stormark.

Stormark følgjer forsvarspolitikken tett. Han meiner forslaget til ny langtidsplan for Forsvaret inneber eit vesentleg skifte i den norske tryggingspolitikken.

– Den norske tryggingspolitiske doktrinen har tradisjonelt hatt to søyler – avskrekking og nedroing. I denne planen står det svært lite om nedroing, seier Stormark til NTB.

Han meiner planen har fått eit mykje meir offensivt preg med merksemda på innkjøp av kampfly, ubåtar og fregattar som alle har kapasitet til å levere langtrekkande missil.

– I realiteten er det ei endring i den tryggingspolitiske doktrinen til Noreg som blir gjennomført med dette, seier Stormark.

SV og Venstre har òg sagt at dei uroar seg over den nye offensive utviklinga av det norske forsvaret.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier i ein kommentar at hovudtrekka i den norske forsvarspolitikken framleis byggjer på det strategiske og defensive forsvaret av Noreg og alliansen.

– Men dei moderne våpensystema vi har i dag, har fått ei stor rekkjevidd, så skal vi forsvare oss, må vi òg auke rekkjevidda utan at vi dermed blir meir offensive av den grunn. Men å ikkje auke rekkjevidda og samtidig ha eit mindre forsvar, hadde gjort oss totalt irrelevante til slutt, seier Bruun-Hanssen til NTB. (©NPK)

Annonse