Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den tidlegare langrennsløparen Kristin Størmer Steira (35) ventar barn med ektemannen og skiløparen Devon Kershaw, skriv Her og Nå.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 11:56
Størmer Steira skal denne hausten vera med i «Skal vi danse?»-serien til TV 2. Der får ho ein annan partnar enn langrennsektemannen frå Canada.
– Eg merkar sjølvsagt at eg er gravid, men eg er i god form og er ikkje plaga på nokon måte, seier 35-åringen.
Steira gav seg som aktiv etter sesongen 2014/2015.
35-åringen frå Tana har både OL- og VM-gull i stafett. Ho har også individuelle medaljar frå både OL og VM. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.