Stort asylmottak i Vestfold blir lagt ned

(NPK-NTB): UDI misser det største transittmottaket for asylsøkjarar på Austlandet fordi Brunstad kristelege kyrkjelyd ikkje forlenger avtalen om akuttmottak på Brunstad i Stokke.

Det kristne senteret har ein avtale om å huse opp til 1.000 asylsøkjarar, men vil inn mot eit arrangement i januar trappe ned belegget til rundt 700, skriv Aftenposten. Avtalen mellom Utlendingsdirektoratet (UDI) og Oslofjord Conference Center, som er eigd av Stiftelsen Brunstad Konferansesenter, blir avvikla i sin heilskap 31. januar neste år.

– Prosjektet i seg sjølv har vore krevjande. No stod vi overfor ein situasjon der vi har mange, store arrangement utover våren og sommaren. Avlysingar av desse ønskte vi ikkje, seier administrerande direktør Stian Fuglset i Oslofjord Conference Center. Konferansesenteret har husa asylsøkjarar sidan i slutten av september.

– Dei som bur på Oslofjord Conference Center i dag blir overførte til andre ledige plassar, seier presserådgjevar Martin B. Andersson i UDI.

Oslofjord Convention Center tvilar på at dei kjem til å gå inn på nokon ny avtale med UDI om å huse asylsøkjarar. Fuglset avviser også at dei har hatt ein spesielt lukrativ avtale.

– Kontrakten vil sjølvsagt slå positivt ut for drifta i 2015. Men det står att eit større arbeid med å rette mange skadar og ein del hærverk. Halvparten av leilegheitene vi har hatt i bruk er øydelagde av sigarettrøyk, seier Fuglset. (©NPK)

Annonse