Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): I 2015 var 72,9 prosent av befolkninga i Noreg medlemmer i Den norske kyrkja. Ti år tidlegare var prosentdelen 82,7.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 07:55
Sist oppdatert: 13.05.2016 kl 16:17
Deltakinga på gudstenester har òg gått jamt og trutt nedover, skriv Fritanke. Med unntak av i 2011 har deltakinga gått ned kvart år sidan 2005. Om alle åra blir rekna under eitt, har besøkstalet på gudstenestene minka med 1 million, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Det er òg færre som blir døypte, både i absolutte tal og som deltal. Delen som vel kyrkjeleg konfirmasjon fell òg, men ikkje like mykje som dåpstala. Delen som vel å gifte seg i kyrkja hadde òg gått marginalt ned frå 2014 til 2015, mens delen kyrkjelege gravferder har halde seg stabil.
Nyleg kom det elles fram at Den norske kyrkja har mista fleire tusen medlemmer i vekene etter at Kyrkjemøtet gjekk inn for vigsel av samkjønna par. (©NPK)