Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Eit russisk rakettangrep ramma fredag morgon ved flyplassen i Lviv – den største byen vest i Ukraina. Samstundes blir verda oppmoda til å kutte oljeforbruket.
kenneth.kandolf.haug@ntb.no
Publisert: 18.03.2022 kl 14:17
Situasjonen på bakken i Ukraina har vore relativt stabil dei siste vekene, men natt til fredag innleidde det ukrainske forsvaret ein operasjon for å presse russarane lenger unna hovudstaden Kyiv.
Samstundes skriv det britiske forsvarsdepartementet at den russiske invasjonen «vaklar» på grunn av logistikkproblem. Russland får ikkje eingong fram drivstoff og mat til troppane i frontlinja, heiter det.
Dermed har russiske styrkar i stadig større grad tydd til luftangrep og artilleri for å oppnå måla sine. Innbyggjarane i Lviv vakna til ein serie eksplosjonar fredag morgon. Det vart raskt klart at det var eit angrep frå kryssarrakettar. Russiske fly over Svartehavet hadde fyrt av seks stykke, to vart skotne ned, medan fire trefte eit vedlikehaldsanlegg for fly ved Lvivs flyplass.
Det vart ikkje meldt om dødsfall i dette angrepet, som skjedde i det vestlege Ukraina som til ei viss grad har gått klar av herjingane til krigen hittil. Verre har det mellom anna vore i hovudstaden Kyiv.
I bydelen Podil vart éin person drepe og fire såra då ein russisk rakett ramma ei bustadblokk. Det har vore gjentekne rakettangrep mot bustadblokker i byen den siste veka. Totalt har 60 sivile vorte drepne i angrepa på Kyiv, fire barn, ifølgje styresmaktene i byen.
I Kramatorsk, aust i Ukraina, vart to drepne og seks skadde i eit artilleriangrep.
Naudhjelpsorganisasjonar aukar stadig innsatsen for å få hjelp inn i Ukraina og til dei som har flykta frå landet. FNs høgkommissær for flyktningar har samla inn litt over 2,6 milliardar kroner den siste månaden. Flyktninghjelpen har fått inn litt over 150 millionar kroner, men treng ferske pengar raskt.
Samtidig er det ei stor utfordring å få hjelpa ut til stadene der ho trengst mest, på grunn av tryggingssituasjonen i landet. Særleg den omleira hamnebyen Mariupol er svært isolert. FNs matvareprogram seier fredag at dei siste reservane med mat og vatn er i ferd med å gå tomme, skriv nyheitsbyrået DPA.
Tysklands statsminister Olaf Scholz har igjen snakka med Russlands president Vladimir Putin og bede han auke innsatsen for å finne ei diplomatisk løysing på krigen, og dessutan betre den humanitære situasjonen. Putin valde på si side igjen å skulde Ukraina for krigsbrotsverk.
Fredag skal òg USAs president Joe Biden og den kinesiske presidenten Xi Jinping snakkast på telefon, mellom anna om krigen i Ukraina. Det diplomatiske biletet inneheld òg utvising av russiske diplomatar frå Bulgaria og dei baltiske landa, som følgje av spionasjeklagar. G7 har òg kalla inn til toppmøte i Brussel torsdag, i samband med Nato og EU-toppmøta som skal haldast i same tidsrom.
Dei økonomiske konsekvensane av krigen pregar heile verda, og Det internasjonale energibyrået (IEA) oppmoda fredag landa i verda til umiddelbare kutt i oljeforbruket. Dei foreslår mellom anna auka bruk av heimekontor, billigare kollektivtransport og lågare fartsgrenser i industrilanda.
(©NPK)
Eit bomberamma bustadbygg i Kyiv fredag. Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
Røyken stig opp etter eit rakettangrep ved flyplassen i Lviv. Foto: Ismail Coşkun/IHA via AP/NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.