Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det er ikkje gjort funn av menneske i rasområdet på fylkesveg 45 ved Motland i Rogaland. Politiet fryktar det vil gå fleire ras.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 17:35
Sist oppdatert: 02.06.2016 kl 20:52
Raset, som er omtrent 100 meter breitt og to-tre meter djupt, gjekk ved 16-tida torsdag på fylkesveg 45 – hovudvegen mellom Ålgård og Sirdal.
Like etter klokka 19 melder Sør-Vest politidistrikt at det er gjort søk over raset med helikopter, og at det ikkje er gjort funn. På grunn av fara for nye ras blei det torsdag kveld ikkje gjort søk på bakken.
Ein geolog var venta til rasstaden for å vurdere området torsdag kveld. Ryddearbeidarane kan ikkje starte før dette er gjort.
– Det har gått høg oppe i fjellsida, og forhåpentlegvis vil geologen kunne gjere vurderinga frå lufta, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik til NRK.
Geologen vil også kunne seie om det er fare for fleire ras i området. Fylkesvegen er stengt ved rasstaden, og ifølgje politiet er det ikkje mogleg å anslå kor lenge vegen blir stengt. Vegtrafikksentralen opplyser at vegen ikkje blir opna torsdag.
– Hunnedalsveien kjem nok til å vere stengt i fleire dagar. Ifølgje meldingane eg har fått, er det steinar på fleire tonn i raset. Det betyr at vi truleg må sprengje før vi kan fjerne raset, seier seksjonssjef Eivind Stangeland i Statens vegvesen til Stavanger Aftenblad.
Vegtrafikksentralen melder at det er mogleg å køyre om skredet via fylkesveg 42 og fylkesveg 468. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.