Stortinget må vente på innstilling i saka om Nigeria-båtane

(NPK-NTB): Kontrollkomiteen på Stortinget ventar med å gi frå seg innstillinga si i saka om dei såkalla Nigeria-båtane til etter pinse.

Det vedtok komiteen på eit møte torsdag.

Utsetjinga kjem av tekniske grunnar, opplyser komitéleiar Martin Kolberg (Ap) til NTB.

Komiteen leverer innstillinga si 20. mai, mens saka kjem opp i Stortinget ei knapp veke seinare, 26. mai.

Stortinget skulle eigentleg ha behandla saka i slutten av april, men ho vart trekt fordi Forsvarsdepartementet ikkje hadde levert fleire rapportar i tide.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) måtte tole krass kritikk for å ha drygd i fem månader med å sende over rapportane til kontrollkomiteen.

Det var Dagbladet som først avslørte at norske marinefartøy hadde hamna hos paramilitære styrkar i Nigeria og Kamerun. Deretter vart det avdekt at beltevogner var blitt selde til Sudan, og at militære lastebilar enda i Eritrea, alt i strid med FNs embargo. (©NPK)

Annonse