Stortinget sa nei til å hastehandsame trygdeoppgjeret

(NPK-NTB): SV sitt hastefralegg om at regjeringa må leggje fram trygdeoppgjeret for Stortinget fekk ikkje fleirtal.

Forslaget blei fremja torsdag og handsama alt måndag, som hastesak etter Stortingets forretningsorden § 39 c. Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet støtta SVs forslag, men KrF røysta saman med regjeringspartiene Høgre og Frp.

– Store og kompliserte saker med uoversiktlege konsekvensar, som haustens asylforlik, har tidlegare fått hastehandsaming. Og trygdeoppgjeret er ei sak som Stortinget har tradisjon for å handsame. Det er vanskeleg å forstå at ikkje denne saka skulle få hastehandsaming, seier SVs Kirsti Bergstø.

Ho seier SV no vil krevje at saka raskt vert handsama i Stortingets arbeids- og sosialkomité.

– Vi jobbar for fleirtal for at regjeringa må leggje fram trygdeoppgjeret for Stortinget før sommaren. Inntektene til landets pensjonistar må handsamast med den seriøsiteten saka fortener, hevdar ho.

Aftenposten fortalde i førre veke at Frps tidlegare arbeids- og sosialminister Robert Eriksson i sitt avskjedsbudsjett føreslo den nye sakshandsaminga som no gjer at Stortinget ikkje får trygdeoppgjeret som ei eiga sak – og difor heller ikkje som eigen debatt i Stortinget. (©NPK)