Klargjør siden...

Stortinget stoppar Sandbergs kvoteinstruks

(NPK-NTB): Stortinget gir fiskeriminister Per Sandberg (Frp) beskjed om å stoppe handelen med fiskekvotar frå små båtar til store medan ein ventar på ei utgreiing om saka.

– Her fortel Stortinget statsråden at det bør vere større avgrensingar på moglegheita til å flytte kvotar frå små til store båtar. Vi gir statsråden ei moglegheit til å justere kursen, seier leiaren i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp), til NTB.

SV fekk gjennomslag for å hastebehandle sitt representantforslag, og tysdag var innstillinga frå næringskomiteen klar.

Der ber Stortinget regjeringa vurdere å implementere forslag frå Fiskarlaget og komme tilbake til Stortinget på eigna måte. Dette forslaget inneber nettopp at regjeringa betre må vareta omsynet til dei mindre fiskefartøya.

Stortinget behandlar saka onsdag.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) jublar for komiteinnstillinga.

– Fiskeriminister Sandberg prøvde å gi bort fisken vår til dei rikaste reiarane. I dag stoppa Stortinget han, seier han.

– Dette er ein etterlengta siger og markerer eit vendepunkt i kampen for at fisken høyrer til folket og skal komme kystsamfunna til gode, meiner Fylkesnes.

Han har tidlegare vist til at det første Sandberg gjorde som statsråd, var å innføre ein instruks som gjorde det enkelt å flytte fiskekvotar frå små båtar til store. Det har ifølgje SV-politikaren ført til at dei store aktørane et dei små.

Rapporten til Eidesen-utvalet blir truleg behandla ein gong neste vår. Det regjeringsoppnemnde utvalet skal gjennomgå fiskekvotesystemet og komme med sine tilrådingar rundt jul. (©NPK)

Annonse