Klargjør siden...
Annonse

Strasbourg bad Noreg om fleire svar om oppfølging av barnevernsdom

Noreg vart i 2018 dømt i Strasbourg etter at ei mor vart nekta kontakt med barnet sitt. Oppfølginga og svaret frå norske styresmakter vart ikkje godkjende.

– Det er oppsiktsvekkjande at styresmaktene har vurdert at dette er tilstrekkeleg, seier advokaten til kvinna, Nora Hallén, til Dagbladet.

Romkvinna vart fråtatt omsorg for dottera som er fødd i 2011, men vann då saka vart fremja for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Etter dommen følgde norske styresmakter opp med erstatning til kvinna, og dessutan informerte offentlege organ som domstolane og barnevernet. Men kvinna er framleis nekta kontakt med dottera, noko domstolen i Strasbourg slår ned på, skriv avisa.

I juni i fjor sende Barne- og familiedepartementet handlingsplanen sin for korleis Noreg vil innrette seg etter dommen i saka til romkvinna. Berre to veker etterpå fekk Noreg tilbakemelding der det går fram at Strasbourg ikkje er samd i at Noreg har oppfylt forpliktingane.

Mellom anna blir Noreg bede om å svare på om det er gjort eller vil bli gjort ei ny vurdering av å rette opp igjen samværet mellom mor og barn.

Barne- og familiedepartementet leverte ein utvida handlingsplan i slutten av oktober. Strasbourg har deretter seks månaders frist på å vurdere om svaret er godt nok eller om ein skal be om ytterlegare svar. Advokaten til romkvinna er ikkje samd i at Noreg har svart på det Strasbourg spør etter.

(©NPK)

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Foto: Violetta Kuhn / DPA / NTB scanpix