Klargjør siden...

Straumbrot i Ruhpolding skapte skiskyttarkaos

Eit straumbrot på stadion førte til at TV-bilete, lyd og tidtakarsystem gjekk i stå under verdscuprennet i skiskyting i Ruhpolding torsdag.

Straumbrotet kom medan alle dei største favorittane var ute i sporet på normaldistansen.

Resultatservicen til Det internasjonale skiskyttarforbundet braut saman som følgje av straumstansen. Det same gjorde dei internasjonale TV-sendingane frå konkurransen.

Etter rundt eit kvarter var problemet løyst.

(©NPK)

Annonse