Straumprisen opp 30 prosent dei tre første månadene i år

Norske hushald betalte ein gjennomsnittleg straumpris på 55,2 øre per kilowattime i første kvartal. Det er 30 prosent meir enn i same kvartal i fjor.

Samtidig er prisen på same nivå som dei to tidlegare kvartala i fjor, som var to kvartal med svært høg straumpris, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ifølgje tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) var januar ein spesielt dyr månad, mellom anna på grunn av høge prisar på CO2-kvotar, gass og kol - og lite vatn i magasina. I februar og mars var straumprisen lågare enn i januar.

Prisen på 55,2 øre er utanom avgifter og nettleige. Prisen inkludert desse var i gjennomsnitt heile 124,3 øre per kilowattime. Det er ein auke på 17 prosent samanlikna med første kvartal i fjor.

Av den totale straumprisen utgjorde kraftprisen 44,4 prosent, nettleiga 24,5 prosent og avgiftene på elektrisk kraft resten, 31,1 prosent.

Oversikta viser òg at det er straumkundar i spotmarknaden som har den lågaste straumprisen med 53,1 øre i gjennomsnitt (utan avgifter og nettleie). Kundar med variabel pris hadde ein gjennomsnittleg pris på 63,6 øre per kilowattime utan avgifter og nettleige.

Kundar på eldre fastpriskontraktar kom likevel best ut, med eit gjennomsnitt på 34,6 øre per kilowattime i første kvartal. Men det er svært få hushald som har slike kontraktar slik at dette utgjer ein veldig låg del av det totale straumforbruket, opplyser SSB.

(©NPK)

Straumprisen held seg framleis svært høg. I første kvartal i år var gjennomsnittsprisen per kilowattime 55,2 øre. Det er omtrent like høgt som dei to førre kvartala, men 30 prosent høgare enn same kvartal i 2018.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix