Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Flytrafikken i store delar av landet kan stoppa frå fredag 17. juni klokka 11 dersom ikkje meklinga for tilsette i Avinor og Avinor Flysikring fører fram.
npk@npk.no
Publisert: 10.06.2016 kl 13:07
Sist oppdatert: 10.06.2016 kl 15:28
Partane møtest hos Riksmeklaren på formiddagen torsdag 16. juni.
234 medlemmer i LO Stat-forbundet Norsk Tjenestemannslag (NTL) er omfatta av det første streikeuttaket.
Størstedelen av desse er å finna innan brann- og redningstenester, og drift og vedlikehald på flyplassane og blant såkalla AFIS-fullmektigar i tårna ved dei 28 lokale og regionale flyplassane.
– Denne saka kunne vore løyst lenge før mekling. Vi har sagt vi er villige til å forhandla pensjon, men vi må vita kva vi skal forhandla om. Avinor held likevel fast ved eit urimeleg krav. Avinor kan ikkje berre stryka rettane til tilsette når dei føler for det, seier Olsen.
Også Avinor Flysikring Bergen og Avinors hovudkontor i Oslo vil blei ramma.
Dersom meklinga ikkje hadde kome i mål, ville 250 vektarar ved Oslo lufthamn gått ut i streik. Flyplassleiinga hadde åtvara og sagt at ein streik raskt ville gjort at tryggingskontrollen på flyplassen måtte stengja.
18 timar på overtid torsdag blei det semje for pilotane i SAS. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.