Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Ei lov som utvidar definisjonen av valdtekt er samrøystes vedtatt i den tyske forbundsdagen.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 07:34
Sist oppdatert: 07.07.2016 kl 13:11
Lova er omtalt som «Nei betyr nei» i tyske medium, fordi ho tar omsyn til både fysisk og munnleg motstand frå offeret. Hittil har offeret måtta gjere fysisk motstand for at det skulle handle om valdtekt. Eit verbalt nei har hittil ikkje vore nok.
Tyskland har i fleire år diskutert behovet for strengare straffer for valdtekt, og den nye lovgjevinga kjem på plass etter masseovergrepet i Köln nyttårsaftan.
Ei stor gruppe menn vart melde til politiet for å ha overfalle og forulempa fleire hundre kvinner. Politisjefen i byen måtte gå av på grunn av misnøye med handteringa av saka.
Den nye lova skal også gjere det enklare å sende ut utanlandske gjerningspersonar.
Ifølgje politiet var dei fleste av gjerningspersonane bak overgrep, ran, tjuveri og seksuell trakassering av kvinner i Köln arabiske og nordafrikanske menn. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.