Klargjør siden...
Annonse

Striden om Nordkapp-platået held fram

Sju kommunestyrerepresentantar har sendt lovgildsklage på vedtaket om å forlenge Scandic og Ricas omstridde monopol på å drifte anlegget på Nordkapp-platået.

I juni gjorde Nordkapp kommune vedtaket med ti mot ni stemmer. Fredag for ei veke sidan sende Hurtigruten inn ein lovgildsklage på vedtaket.

No har òg sju kommunestyrerepresentantar frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og ein uavhengig gått saman om å sende inn ein lovgildsklage som peikar på fleire brot.

- Dei konkrete klagepunkta omhandlar saksbehandlingsfeil på grunn av brot på habilitetsreglane til forvaltningslova for rådmann Raymond Robertsen og ordførar Kristina Hansen på grunn av rollene deira i Finnmarkseiendommen. Fefo er grunneigar og vil ha økonomisk gevinst av regulering til privat formål, seier Jan Olsen (SV), éin av dei sju kommunestyrerepresentantane, i ei pressemelding.

Dei meiner saksbehandlinga generelt har vore lite tillitvekkande. Og at den i vesentleg grad har skjedd utanfor kommunen og på eit advokatkontor.

Også Hurtigruten meiner det er gjort fleire saksbehandlingsfeil.

Ordførar Kristina Hansen har tidlegare uttalt at ho har rekna med at vedtaket ville bli klaga inn.

Nordkapp-platået er Noregs tredje mest populære turistattraksjon med 300.000 besøkande årleg. Rica Eiendom betaler 79.000 kroner i året i festeavgift for å leige området frå Fefo. Rica leiger så området vidare til Scandic, som kvart år krev inn 50 millionar kroner i besøksavgift.

(©NPK)

Nordkapp-platået er Noregs tredje mest populære turistattraksjon med 300.000 besøkande årleg.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix