Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Marcus Mehnert byter ut Ranheim i 1. divisjon med spel for eliteserieklubben Strømsgodset. Angriparen har signert ein 3,5-årskontrakt.
Publisert: 24.01.2023 kl 19:03
Mehnert, som skåra 26 mål på 64 kampar for Ranheim, vart tysdag stadfesta som ny Godset-spelar.
– Det kjennest veldig godt å sitje her no. Med ein gong eg høyrde om interessa frå Strømsgodset, ville eg hit. Godset har alltid appellert til meg, og så er det ein spennande og stor klubb med fantastiske supporterar.
Klubben skriv at dei har følgt Mehnert i fem år. Han har bunde seg til drammensklubben fram til sommaren 2026.
– Marcus Mehnert har fine ferdigheiter, er både ein avsluttar og ein legg til rette. Han er i tillegg ein hardtarbeidande og seriøs fotballspelar som kjem til å passe godt inn i laget vårt, seier leiar for sport og spelarlogistikk Jostein Flo.
Mehnert har også fortid i Brann, Nest-Sotra, Asker og Stabæk.
(©NPK)
Marcus Mehnert er klar for Strømsgodset. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB