Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Informatikkstudentar ved Universitetet i Oslo har avdekt sikkerheitshol ved eit digitalt eksamensprogram som muleggjer juks på eksamen, ifølgje Universitas.
npk@npk.no
Publisert: 14.09.2016 kl 09:31
Dataprogrammet Safe Exam Browser (SEB) skal blokkere funksjonar når studentar brukar sine eigne datamaskiner på eksamen, men informatikkstudentane har no funne ut at programmet ikkje stenger all tilgang. SEB blir brukt ved 18 lærestader i Noreg, ifølgje studentavisa.
– Ingen system er 100 prosent sikre, og med slike program vil vi alltid henge litt bak skurkane. Det er eit arbeid som går føre seg heile tida, seier dagleg leiar Truls Bøhm hos leverandøren Inspera. Han meiner juksing er lite sannsynleg, fordi SEB kjem i tillegg til eksamensvakter og overvaking av svara.
Prorektor Ragnhild Hennum ved Universitetet i Oslo stadfestar at ho kjenner til problemet, men seier at universitetet ikkje kjem til å gå vekk frå programvara.
– Vi har delt funna med Inspera og den sveitsiske leverandøren av SEB. Programvara bli forbetra kvart semester, og nye versjonar som tettar kjente sikkerheitshol blir jamleg lansert, seier ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.