Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Ei ny våpenlov tillèt no studentar i Texas å bere skjulte handvåpen på campus. Dermed blir Texas den åttande amerikanske delstaten der dette er lov.
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 09:09
Den nye våpenlova som tok til å gjelde måndag, gjeld studentar som er over 21 år og har lovleg våpenlisens.
Fleire kritikarar, blant dei tre professorar i Austin, har gått til sak og meiner at lovendringa krenkjer talefridomen deira fordi studentar som ber våpen vil skape frykt på universiteta.
Forkjemparane derimot meiner lovendringa vil gjere campus tryggare, både for lærarar og studentar fordi potensielle angrep kan raskare bli slått ned på dersom studentane ber våpen.
Sju andre delstatar tillèt studentane å bere våpen skjult på universitetsområdet i USA, blant dei Oregon, Colorado og Wisconsin.
Søndag var det 50 år sidan at ein 25 år gammal student gjekk til angrep på medstudentane sine med skytevåpen og tok livet av 17 personar ved Universitetet i Texas-Austin. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.