Studie: Dekninga av 22. juli var traumatiserande

(NPK-NTB): Ein studie viser at det ikkje berre er etterlatne som blir meir traumatiserte når dei ser mykje nyheiter om terror. Nyheitsdekninga kan også traumatisere andre.

Ein studie frå Universitetet i Bergen og Senter for Krisepsykologi har intervjua etterlatne foreldre etter 22. juli. Konklusjonen var at dei etterlatne foreldra viste større grad av traumereaksjonar enn kontrollgruppa av foreldre som ikkje hadde mista nokon. Men også personar som ikkje tidlegare var traumatiserte, vart det berre av nyheitsdekninga av saka, fortel NRK.

– Media har eit ansvar for å dekke hendinga, men eg tenkjer likevel at dekninga var overdriven, seier Reidar Nævdal, ein av psykologane bak studien.

Han meiner media bør avgrense kor kraftig ei dekning skal vere. Det støttar Svein Brurås, professor i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

– Det er alltid ein fare for at media kan bli nyttige idiotar for terroristar. Samtidig er det utenkjeleg å tie stille om denne typen hendingar, seier Brurås. (©NPK)

Annonse