Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Regelmessig testing for eggstokkreft kan redusere talet på dødsfall av sjukdommen med ein femdel, konkluderer britiske og australske forskarar.
npk@npk.no
Publisert: 18.12.2015 kl 07:34
I ein studie av 200.000 kvinner i alderen 50 til 74 år, der kvinnene vart delte inn i tre grupper, fann forskarane ut at døyingstala for dei som vart testa gjekk ned med 15 til 28 prosent avhengig av alder. I gjennomsnitt var det 20 prosent færre dødsfall blant dei som vart testa for eggstokkreft.
Av 50.624 av kvinnene vart det tatt årlege blodprøvar og ultralydundersøkingar. 50.623 vart berre blodtesta, mens 101.299 kvinner ikkje vart testa for kreftforma i det heile. Totalt døydde 649 av kvinnene i studien av eggstokkreft til slutt.
– Funna er viktige med tanke på den avgrensa framgangen i behandlinga av eggstokkreft dei siste 30 åra, seier ein av forfattarane av forskingsrapporten, Usha Menon ved UCL i London.
I dag finst det ingen rutinetest for å oppdage eggstokkreft på eit tidleg tidspunkt. Såkalla «screening» for andre kreftformer har auka overlevingssjansane ved at ein tilbyr behandling så snart sjukdommen er oppdaga.
Den sjeldne, men dødelege eggstokkreften blir ofte oppdaga på eit svært seint tidspunkt, og omtrent 60 prosent av pasientane døyr innan fem år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.