«Stygg» leiar blei frikjend i PFU

(NPK-NTB): Pressens Faglige Utvalg er samde i at to leiarartiklar avisa iTromsø skreiv om Human Right Service er ufine. Likevel er avisa frikjent i PFU.

På leiarplass skriv avisa to gonger mellom anna at utspelet til organisasjonen Human Rights Service i samfunnsdebatten kan samanliknast med propagandaen mot jødane før andre verdskrigen.

– Dette er noko av det drygaste eg har lese. Det er så nedrig og grovt. Organisasjonen blir skulda for å vera nazistar, sa PFU-medlem og TV 2-journalist Øivind Brigg under møtet torsdag.

Han fekk støtte av dei andre medlemmene i utvalet i at iTromsø-leiarane om Human Rights Service var usmakelege og grove, men han var den einaste som røysta for at avisa skulle fellast.

– ITromsø-redaktøren har brukt dei same karakteristikkane som dei verste nettrolla. Det er ein stygg leiar, men det er vanskeleg å seia at dette er brot på god presseskikk sidan dette er ytringsfridom i den ytste konsekvensen, sa Tone Angell Jensen og forsvarte frifinninga, skriv (©NPK) Journalisten.

Annonse