Stygge bilete frå Bormio – italiensk alpinstjerne måtte hentast med helikopter

Den italienske alpinveteranen Christof Innerhofer var maksimalt uheldig og fall stygt på heimebane. 39-åringen vart frakta ut av bakken med helikopter.

Mot slutten av traseen gjekk det gale då Innerhofer skulle veksle over i ei venstrekurve.

39-åringen dundra inn i nettingen på sida av løypa, og det tok nær tjue minutt før italienaren var frakta heilt ut av området med helikopter.

– Vi må håpe det der har gått bra med veteranen. Han klarte seg bra lenge der, sa Viaplay-ekspert Marius Arnesen.

Kommentator Henrik Jonassen rapporterte raskt at Innerhofer bevega seg kort tid etter hendinga.

Ifølgje italienske medium prøvde 39-åringen sjølv å komme seg på beina, men smertene i kneet skal ha vore store. Innerhofer hadde i tillegg blod i ansiktet.

(©NPK)

Christof Innerhofer vart frakta av garde med helikopter etter fallet i super-G-rennet. Foto: Alessandro Trovati / AP / NTB

Annonse