Styrkt resultat for Amedia

(NPK-NTB): Amedia gler seg over eit sterkt resultat i årets tredje kvartal. Men annonseinntektene til papiravisene er framleis i fall.

Amedia fekk eit resultat før skatt på 39 millionar kroner i tredje kvartal, opp frå eit resultat på minus 235 millionar kroner i same kvartal i 2014. Det var nedskrivingar og store omstillingskostnader som var hovudårsaka til fjorårets negative tal.

Driftsinntektene har i same periode falle med 103 millionar kroner til 986 millionar kroner.

Den viktigaste forklaringa på dette er seld verksemd og svekt rubelkurs, men Amedia er også plaga av ei negativ utvikling i annonsemarknaden. Annonseinntektene har falle med 5 prosent i samanliknande aviser. På papir er det snakk om eit fall på 9 prosent, medan annonseinntektene på digitale flater derimot har vakse med 8 prosent.

Meir positiv er utviklinga i talet på digitale abonnentar, som auka med 15 prosent i tredje kvartal. Konsernsjef Are Stokstad meiner konsernet har levert eit godt kvartalsresultat.

– Vi er spesielt stolte av at fleire mediehus kan rapportere om vekst i talet på abonnentar som følgje av sterkare digitale produkt, seier han. (©NPK)