Annonse

Styrta egyptisk fly er funne

(NPK-NTB-AFP): Vraket av det styrta EgyptAir-flyet er funne, opplyser selskapet til CNN.

– Vi har funne vraket, seier EgyptAirs visedirektør til fjernsynskanalen.

Kort tid i førevegen avviste egyptiske luftfartsmyndigheiter og EgyptAir at det var funne vrakdelar frå flyet. Meldingane om funn av vrakdelar blei først meldt i greske medium.

Nyheitsbyrået AFP fekk av det greske forsvaret opplyst at det var observert vrakdelar som truleg høyrde til flyet i sjøen over 40 mil sør for den greske øya Karpathos, som ligg mellom Rhodos og Kreta. Vrakdelane blei sett av mannskap på eit egyptisk transportfly, heitte det i meldingane.

Flyet tok av frå Charles de Gaulle-flyplassen i Paris litt etter klokka 23 onsdag. Turen til Kairo tek normalt fire timar. Siste kontakt med flyet var ti minutt før det forsvann, då greske flygeleiarar snakka med piloten medan flyet flaug i 37.000 fots høgde over øya Kea. Då var det ingen problem om bord.

– Piloten var i godt humør, og takka flygeleiarane på gresk, seier leiaren for dei greske luftfartsmyndigheitene, Constantin Litzerakos.

Kort tid etter, då flyet akkurat hadde forlate gresk luftrom og var kome inn i egyptisk luftrom, forsvann det frå skjermane. Berre 45 minutt seinare skulle det ha landa i Kairo. (©NPK)

Annonse