Klargjør siden...

Styrtregn i Spania kravde minst tre liv

Minst tre menneske mista livet og tre er sakna etter rekordstore nedbørsmengder i sentrale delar av Spania, ifølgje styresmaktene.

Styrtregnet søndag kveld og natt til måndag forårsaka flaum og stengde vegar og jernbanestrekningar fleire stader i Spania.

Både i regionane Madrid, Castilla La Mancha, Catalonia og Valencia forvandla styrtregna gater til gjørmete elvar som reiv med seg bilar og søppeldunkar.

I Toledo-provinsen, rundt 5 mil sørvest for Madrid, vart helikopter sende for å redde folk som hadde søkt tilflukt på hustak, ifølgje naudetatane.

Tre menneske mista livet på landsbygda utanfor byen Toledo.

Eitt av dødsoffera var ein ung mann som vart fanga i ein heis som vart fylt med vatn. Eit anna offer omkom i eit overflødd køyretøy. I tillegg vart ein mann funnen død i ei elv nær heimen sin i Camarena.

(©NPK)

To bilar er oversvømte ved ein bilveg etter styrtregnet nær Bargas i provinsen Toledo sentralt i Spania måndag. Foto: Mateo Lanzuela/Europa Press via AP / NTB

To bilar er oversvømte ved ein bilveg etter styrtregnet nær Bargas i provinsen Toledo sentralt i Spania måndag. Foto: Mateo Lanzuela/Europa Press via AP / NTB

Annonse