Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Oljeselskapet Subsea 7 seier opp ytterlegare 1.200 globalt, inntil 260 av dei i Noreg.
npk@npk.no
Publisert: 22.06.2016 kl 12:14
Sist oppdatert: 22.06.2016 kl 13:23
Administrerande direktør Jean Cahuzac seier i ei melding til Dagens Næringsliv at i lys av vanskelege tider vil selskapet gå inn i ein ny fase med kostnadsreduksjonar i 2016. Dette vart varsla etter framlegginga av resultatet i første kvartal i år.
Inntil 260 tilsette i Noreg blir ramma av nedbemanningane, skriv Stavanger Aftenblad. Selskapet har i dag kontor i Stavanger, Oslo, Grimstad, Vigra og Tromsø.
Kontora i Oslo (52 tilsette), og Grimstad (38 tilsette) blir vurdert nedlagde. Dei tilsette fekk vite om nedbemanningsplanane på eit allmøte torsdag.
– Reduksjonen i arbeidsstyrken er eit nødvendig trinn for å behalde vår konkurransekraft og beskytte vårt kjernetilbod gjennom oljepris-syklusen, seier Cahuzac.
Selskapet vil gjennomføre fleire kostnadsinnsparande tiltak på opptil 350 millionar dollar per år.
Subsea 7 sette i mai i fjor i gang omfattande sparetiltak der dei reduserte flåten med elleve fartøy, samtidig som 2.500 stillingar forsvann globalt. I Noreg mista 180 tilsette jobben. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.