Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kommande sesong vil sykkelrittet Sundvolden Grand Prix erstatte Hadeland GP og blir det andre norske eindagsrittet på UCI-kalenderen.
npk@npk.no
Publisert: 22.12.2015 kl 12:26
Sidan 2012 har Ringerike Grand Prix og Hadeland Grand Prix vore faste innslag på vårkalenderen som eindagsritt, begge registrert som kategori 2-ritt på den internasjonale kalenderen. Neste år vil Sundvolden Grand Prix overta for Hadelands-rittet.
Rittet som blir arrangert 7. mai, blir nærmast eit Tyrifjorden-rundt-ritt. Starten går på Sundvollen og målgang er på Krokkleiva etter å ha vore fjorden rundt.
Slik går løypa: Sundvollen – Åsa – Hesselberg – Busund – Tyristrand – Vikersund – Røine – Egge – Lyngås – Sylling – Røine – Sylling – Skaret – Utvika – Sundvollen – Krokkleiva.
Ringerike Grand Prix går dagen etter, søndag 8. mai. Dei to eindagsritta er viktige ritt for utviklinga av norsk sykkelsport og den einaste moglegheita for norske klubblag til å få bryne seg på dei norske kontinentallaga. I tillegg kjem sterke innslag frå Sverige, Danmark og Europa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.