Klargjør siden...

Sundvor ny sportssjef i NRK

(NPK-NTB): Egil Sundvor overtar som sportssjef i NRK.

Det bekreftar kanalen tysdag. Sundvor kjem frå ei stilling i NRKs strategidivisjon der han har jobba med endring, innovasjon og leiing.

– Dette er stort på alle moglege måtar. Eg gler meg til å bli ein del av sporten og den faglegheita som er her. Ambisjonen er å kle den digitale leiartrøya ordentleg på NRK Sport, slik at vi også i framtida klarar å samle det sportsinteresserte Noreg der dei er, når dei vil, seier Sundvor.

Sundvor har fungert i stillinga sidan Rune Haug slutta i april. Stillinga hadde 15 søkjarar.

Sundvor har tidlegare blant anna vore redaksjonssjef for sportsnyheiter. Han har også jobba med PFU-saker i Norsk Presseforbund. (©NPK)

Annonse