Annonse

Sunnmørsposten: Målvakt Sten Grytebust gir seg på landslaget

Aalesunds Sten Grytebust (33) gir seg på landslaget i fotball, melder Sunnmørsposten.

– Det er snakk om ei totalvurdering av situasjonen, som går først og fremst på at dette er niande året eg er med. Eg fekk debuten min under Drillo, så det byrjar å bli nokre år sidan. Den gongen var eg ein ung spelar, men no er eg ein familiefar med tre barn. Eg har litt dårleg samvit overfor dei, at eg skal av garde så mykje når eg kunne hatt fri med dei, seier Grytebust til Sunnmørsposten.

Målvakta fekk debuten sin på A-landslaget i 2013 mot Makedonia. Sidan har det berre vorte fem kampar.

Rosenborgs André Hansen gav også nyleg beskjed om at han gir seg med landslagsfotball.

Ørjan Nyland har vore Noregs førsteval under landslagstrenar Ståle Solbakken.

(©NPK)

Aalesund-keeper Sten Grytebust gir seg på landslaget. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB