Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Verdscuprennet på fredag i super-G i austerrikske Saalbach-Hinterglemm er ytterlegare utsett på grunn av sterk vind. Rennstart er no klokka 12.30.
stian.grythaugen@ntb.no/hakon@npk.no
Publisert: 14.02.2020 kl 11:45
Sist oppdatert: 14.02.2020 kl 11:59
Det internasjonale skiforbundet (FIS) opplyser at kraftig vind i den løypa gjer at ein ikkje fekk starta super-G-rennet til planlagd tid klokka 11.
Rennstart vart først utsett til klokka 12, men no er tidspunktet flytta ytterlegare 30 minutt.
Både Kjetil Jansrud og Aleksander Aamodt Kilde jaktar viktige poeng i verdscupen. Jansrud og Kilde er begge på skothald i super-G-cupen, medan Kilde òg jaktar leiing i verdscupen samanlagt med eit godt resultat fredag.
(©NPK)
Super-G-rennet i Saalbach-Hinterglemm er utsett, i første omgang i ein time. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix