Klargjør siden...

Superflinke elevar blir mobba meir enn andre elevar

(NPK-NTB): Dei flinkaste elevane på skulen opplever langt meir mobbing og krenkingar enn andre elevgrupper.

Å vere superflink elev betyr ikkje nødvendigvis gode skulekvardagar i norsk skule, viser ei ny undersøking.

Blant dei superflinke elevane er det langt fleire som blir mobba og krenkt enn blant elevgruppene som får dårlegare karakterar. Dei får også i minst grad fagleg utfordringar, og dei opplever læringsmiljøet som dårlegare enn andre elevar. Meistringskjensla og motivasjonen for skulen er heller ikkje særleg høg i denne gruppa.

Mens 8 prosent av elevane i denne gruppa oppgav å ha blitt mobba i 2013, oppgav til samanlikning mellom 2 og 4 prosent å ha blitt mobba blant elevar med karakterar mellom 3 og 5 til 6. Mobbinga er større igjen for elevar med karakterar under 3, men ikkje så høgt som for dei som presterer høgast.

I undersøkinga, som er gjennomført av NTNU Samfunnsforsking på oppdrag for Utdanningsdirektoratet, er høgt presterande elevar definert som elevar som får karakteren 6 både i matematikk, norsk, naturfag og samfunnsfag. (©NPK)

Annonse