Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Det er ikkje berre nederlandske fotballtilhengjarar som får sine VM-turar betalt av Qatar. 30 til 50 fans frå resten av deltakarnasjonane har fått same tilbod.
Publisert: 01.11.2022 kl 15:37
Det viser dokument nyheitsbyrået AP sit på. I alt har rundt 1600 personar vorte inviterte til å komme gratis til VM-sluttspelet. Vilkåret er at dei oppfører seg og legg ut positive innlegg i sosiale medium om den kritiserte meisterskapen.
I tillegg må dei setje av fem minutt på VMs første dag til å rope eit heiarop eller syngje ein song knytt til eige heimland. Planen er at supporterane blir ein del av opningsseremonien framfor Qatar – Ecuador.
Fotballfansen blir ikkje bedne om å vere eit talerøyr for Qatar, men i invitasjonen står det at «det sjølvsagt ikkje vil vere hensiktsmessig for deg å nedverdige» vertslandet.
Saka om betalte VM-reiser i byte mot god PR vart kjend måndag.
– Personleg meiner eg at sport og politikk skal haldast skilt, seier Leon van der Wiik.
Han er koordinator for dei nederlandske supporterane som er plukka ut til å delta i prosjektet. Nokon har sagt at dei reiser ned til meisterskapen, men seier at dei ikkje har akseptert invitasjonen frå Qatar.
– Fristen til å takke ja var stor, men eg synest ikkje at vi skal oppføre oss som forretningsfolk på vegner av Qatar, seier ein av dei.
(©NPK)
Danmark blir Nordens einaste innslag i fotball-VM i Qatar. Vertslandet har invitert fleire titals supporterar frå kvar deltakarnasjon til å reise dit gratis. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.