Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Sarah Louise Rung var i ei eiga klasse på 200 meter medley og tok sin andre gullmedalje under Paralympics i Rio torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 16.09.2016 kl 07:24
Svømmaren frå Stavanger var kjempefavoritt på øvinga der ho tok sølv under Paralympics i London for fire år sidan. Det favorittstempelet innfridde ho til gagns. Sigersmarginen blei på meir enn 20 sekund.
– Eg visste ikkje at det skulle bli så mykje då eg svømte. Eg er fornøgd med måten eg løyste det på, smilte Rung til NRK.
Sarah Louise Rung vann forsøksheatet sitt torsdag formiddag med tida 3.19.54. Då var ho over 18 sekund raskare enn nærmaste konkurrent.
På fem øvingar i Rio har Rung no teke fire medaljar, og ho kan definitivt kronast som Noregs svømmedronning i meisterskapen. 11. september tok Rung ein overlegen gullmedalje på 100 meter bryst. I tillegg har ho bronse på 200 meter fri og sølv på 50 meter butterfly.
Oppladinga til finalen torsdag blei elles av det spesielle slaget. Kort tid etter at Rung og konkurrentane hadde innteke den olympiske svømmehallen blei dei bedt om å returnere til bakrommet. Etter lange minutt med forvirring blei det klart at arrangøren hadde beordra stopp i programmet som følgje av problem med for mykje straum i bassenget.
– Eg prøvde å ikkje la det påverke meg. Eg var klar til å gjere den jobben eg skulle gjere, sa Rung.
Det olympiske bassenget i Rio har måtta tole kritikk som følgje av at enkelte baner opplever meir straum enn andre.
Fredag er det klart for 50 meter rygg for medaljegrossisten Rung, og på siste meisterskapsdag 17. september svømmer ho 100 meter fri. (©NPK)