SV lovar å felle dei blåblå

(NPK-NTB): Ei stemme på SV er ei stemme for å felle Erna Solbergs regjering, seier partileiar Audun Lysbakken.

Han understrekar samtidig at SV vil stille klare krav for å støtte eller gå inn i ei Arbeidarparti-regjering.

– Vi gjer det som tener måla våre best, sa Lysbakken då han, nestleiar Snorre Valen og partisekretær Kari Elisabeth Kaski heldt pressekonferanse før sommaren måndag.

Partiet skal no utarbeide dei sakene dei vil kjempe for i byte mot å gjere Jonas Gahr Støre til statsminister og meiner det vil bli stor forskjell på ei regjering der Ap samarbeider med sentrum og ei der SV har ein finger med i spelet.

SV vil gjere kampen mot større forskjellar og barnefattigdom til hovudsaker i valkampen. Valen varsla blant anna at partiet vil styrke barnetrygda ved å inntektsjustere ho og auke tillegga for dei som har mange barn eller for aleineforsørgjarar. Partiet avviser ei behovsprøving av ordninga, som regjeringa har varsla ein gjennomgang av. (©NPK)