Annonse

SV og Frp samde – slaktar vektarforslaget frå regjeringa

Det nye lovforslaget til regjeringa om kompetanse til vektarar på norske flyplassar er for dårleg og kan svekkje tryggleiken i luftfarten, meiner SV og Frp.

– Dette forslaget må stoppast. Blir det vedteke, vil det svekkje tryggleiken på norske flyplassar, seier justispolitisk talsperson for SV Andreas Sjalg Unneland til Dagsavisen.

– Eg er for ein gongs skuld samd med SV. Dette forslaget må ikkje bli vedteke, seier Frps Tor André Johnsen, som er saksordførar for forslaget i Stortingets justiskomité.

Endringane regjeringa foreslår, handlar mellom anna om at det ikkje lenger skal stillast krav om fagutdanning for enkelte vektarar på norske flyplassar. Vektarar som driv med såkalla personkontroll, skal ha vektarutdanning, medan dei som driv med annan kontroll, som til dømes kontroll av bagasje, ikkje treng det.

Unneland seier at forslaget skaper eit «ekstremt kunstig skilje» mellom ulike typar vektarar. Han peikar også på at berre tre flyplassar i landet har fast stasjonert politi.

– Det vil seie at på 40 av dei 43 flyplassane i landet er det vektarane som utgjer tryggleiken, og som skal hindre og handtere farlege situasjonar viss dei oppstår, seier SV-politikaren, som i tillegg trekkjer fram at både fagforeiningar og NHO er imot forslaget.

Endringane i lova skal behandlast på eit møte i justiskomiteen onsdag, og komiteen skal etter planen levere innstillinga si om saka etter møtet.

(©NPK)

Foto: Gorm Kallestad / NTB