Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Politikarar som ikkje er opne om at dei har fått pendlarbustad-skattesmell, bør kastast i neste val, meiner tidlegare SV-representant Nicholas Wilkinson.
vaktsjef@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 23.06.2022 kl 13:47
Wilkinson sat på Stortinget for SV frå 2017 til 2021 og går hardt ut mot den manglande openheita til politikarane. Hittil er det berre Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Anette Trettebergstuen (Ap), Torbjørn Røe Isaksen (Sp) og Emilie Enger Mehl (Sp) som har stått fram.
– Det øydelegg demokratiet når ein ikkje er open og fortel sanninga. Det sender eit signal om at ein ikkje kan stole på politikarar, seier Wilkinson til Aftenposten.
Det er i strid med bodskapen frå SV-toppane Fylkesnes (nestleiar) og fungerande leiar Kirsti Bergstø, som meiner skatt «er ein privatsak» og at det bør vere opp til den enkelte om dei ønskjer å stå fram.
Det er Wilkinson usamd i. Han viser til at det er tilliten frå folket som har gitt politikarane desse moglegheitene og goda, og at det dreier seg om dei felles velferdskronene våre.
– Eg håpar at fleire er opne om dette dei neste dagane. Samtidig håpar eg at dei som ikkje står fram og fortel sanninga om sine saker, blir kasta ut av veljarane i neste val, seier han.
Totalt meiner Skatteetaten at politikarar har fått gratis bustad for verdiar på over 12 millionar kroner, utan at dette har vorte skatta av. I alt er det 45 saker fordelte på 28 stortingspolitikarar og 17 tidlegare regjeringspolitikarar.
(©NPK)
Tidlegare SV-representant Nicholas Wilkinson går hardt ut mot politikarane som har fått varsel om skattesmell frå Skatteetaten utan å stå fram. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB