Klargjør siden...

SV varslar tøffe budsjettforhandlingar

SV-leiar Kirsti Bergstø seier regjeringa har sikra seg tøffe forhandlingar om forslaget sitt til statsbudsjett for neste år.

– Vi vil gratulere statsministeren med budsjettforslaget, og med å ha sikra seg ganske tøffe forhandlingar i haust, sa Bergstø i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag.

Ho ville også vite kva regjeringa vil med budsjettforslaget sitt.

– Om regjeringa vil gjere noko med ulikskap i makt og rikdom, redusere dei økonomiske forskjellane i samfunnet og om det i det heile finst vilje til å redusere utslepp og ta vare på meir natur? Eller er det sånn at regjeringa lener seg på SVs vilje åleine til å ta dei grepa som trengst for å gjere noko med dei største utfordringane i vår tid? spurde Bergstø.

Støre svarte at han ser fram til forhandlingane med budsjettpartnar SV.

– Eg har erfart at gode budsjett blir betre gjennom det. Så er det slik at det vi er samde om i ein budsjettavtale, det er ikkje sånn at då er det eine Ap-Sp-forslag og det andre SV-forslaget. Det er forslag vi blir samde om, og då står vi alle bak dei.

– SV har komme med gode innspel i forhandlingane som eg står veldig godt bak, og det kjem eg framleis til å gjere, sa Støre.

(©NPK)

SV-leiar Kirsti Bergstø under den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag.
Foto: Javad Parsa / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og SV-leiar Kirsti Bergstø under den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag.
Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse