Svak kronekurs gir oppsving for pelsdyrnæringa

(NPK-NTB): Svak krone har løfta eksportprisen for norsk pels kraftig. Det har gitt eit inntektshopp for pelsdyrfarmane.

Sjølv i svake 2014 var innteninga på pelsdyrfarmane dobbelt så høg som elles i jordbruket, skriv Nationen.

Nedgangen i oljeprisen har svekt kronekursen kraftig. Sterk dollar og svak krone bidrog også til at norske skinn formidla gjennom Oslo skinnauksjonar AS det siste året hadde ein snittpris som låg 50 prosent over året før.

– Vi må tilbake til 2002 for å finne like gunstige valutakursar. Det bidreg sterkt til resultatet for pelsdyrbøndene og gjer norske skinn veldig konkurransedyktige i pris på verdsmarknaden, seier marknadssjef Torkil Tveter i Norges Pelsdyralslag til avisa.

Den norske produksjonen det siste året er på rundt ein million skinn, der 85 prosent er frå mink. (©NPK)

Annonse