Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Svalbard kyrkje i Longyearbyen var fullsett under minnestunda for trebarnsfaren Atle Kjartan Husby (42), som døydde i snøskredet laurdag.
npk@npk.no
Publisert: 22.12.2015 kl 12:17
Store norske mannskor, som Husby sjølv var medlem av, opna minnestunda tysdag formiddag. Dei song blant anna salmen «Blott ein dag» etter ønske frå familien, skriv NRK.
Sokneprest Leif Magne Helgesen, sysselmann Kjerstin Askholt og rektor ved skulen der Husby jobba som lærar, les minneord.
Kista hans stod i kyrkja under minnestunda, men gravferda skal gå føre seg på fastlandet.
Også to år gamle Nikoline Røkenes døydde av skadane ho fekk då tonnevis av snø raste nedover sida av fjellet Sukkertoppen laurdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.