Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Hilde Kristin Røsvik (52) overtar som redaktør og dagleg leiar i Svalbardposten.
npk@npk.no
Publisert: 16.02.2016 kl 15:02
– Eg gler meg til komme. Svalbard har eg høyrt veldig mykje positivt om frå alle eg har snakka med, og det er vel alle redaktørars draum, seier Røsvik til Svalbardposten.
Sidan oktober 2013 er det Eirik Palm som har vore redaktør og dagleg leiar. Avisa melde i desember at han skal over i ny jobb i mars.
Røsvik har bakgrunn som journalist og redaktør. I tre år fram til hausten 2015 var ho redaksjonssjef i NRK Møre og Romsdal, mens hennar siste jobb er eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i I & M Kommunikasjon på Sunnmøre.
52-åringen er den andre kvinnelege redaktøren i Svalbardpostens historie. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.