Svarstad blir Hjelmeset-makkar

(NPK-NTB): Sjur Ole Svarstad (34) er engasjert som ny landslagstrenar for kvinnelandslaget i langrenn.

34-åringen frå Stryn utgjer trenarteamet saman med Roar Hjelmeset. Svarstad har signert ein toårskontrakt med verknad frå 1. juli.

Svarstad har vore trenar for rekruttlandslaget dei fem siste åra.

– Der har han levert strålande resultat både i verdscupen, skandinavisk cup, U23-VM og ikkje minst bidratt til at mange utøvarar er tatt ut til elitelandslaga. Han haustar stor anerkjenning for den jobben han gjer, og fleire av utøvarane i kvinner elite har hatt Sjur som trenar då dei var på rekruttlandslaget. Sjur vil saman med Roar Hjelmeset bli eit kompetent trenarteam som vil bidra til ytterlegare framgang for kvinnene, seier landslagssjef Vidar Løfshus i ei pressemelding.

– Det er med stor audmjukskap eg blir ein del av ei så sterk prestasjonsgruppe. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva, seier Svarstad. (©NPK)

Annonse