Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): For personar som kan ha gløymt ein hemmeleg konto i Sveits, kan det vere verdt å ta ein kikk på ei liste som dei sveitsiske bankane publiserte onsdag.
Marit.Gjellan@ntb.no
Publisert: 16.12.2015 kl 18:55
For første gong offentleggjer sveitsiske bankar namna på ei rekke kontoeigarar. Lista inneheld 2.600 bankkontoar som ikkje er rørte på minst 60 år. Til saman er det ein pengesum på over 391 millionar kroner.
– Dette er det siste forsøket på å få kontakt med eigarane, seier leiar for foreininga for dei sveitsiske bankane (SBA) Claude-Alain Margelish.
Ifølgje foreininga er det berre kontoar med over 4.000 kroner som er sett på lista. Mange av dei har stått ubrukte i over hundre år. Dei fleste av dei ukjente kontoeigarane har sveitsiske namn, men også brasilianske, amerikanske, tyske og israelske namn er på lista. (©NPK) (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.